Leige av bunad
Leige av bunad
Ynskjer du å leige bunad eller enkeltdelar? Hos Din Bunad kan du leige både heile bunader og dei delane du manglar – anten det gjeld barn, jente eller kvinne. Dette er eit perfekt alternativ for deg som treng bunad til ei spesiell anledning, veks raskt ut av storleikar, eller ønskjer å prøve ein bunad før du eventuelt investerer i din eigen.
Me tilbyr òg utleige av bunadssko til barn, kvinne og mann, slik at du kan få ein komplett bunad frå topp til tå utan å måtte kjøpe alt nytt. Alle plagg og sko blir nøye gått gjennom, tilpassa og gjort klare før utleige, slik at du får ei trygg og problemfri oppleving.
Uansett om du treng berre ei skjorte, ei vest, eit skjørt, eller ein full pakke, hjelper me deg med å finne dei rette delane og sørgjer for god passform. Målet vårt er å gjere bunadsopplevinga enkel, komfortabel og tilgjengeleg for alle.
Kontakt oss




