Om oss
Om oss
Linn-Marielle Aadnekvam Bunad og Tilbehør held til på Kulturverkstaden Magasinet i Tvildemoen på vakre Voss. Spesialisering på skreddarsydde bunadar og tilbehør av høg kvalitet. Firmaet vert drive av Linn-Marielle, som med si erfaring og dedikasjon til tradisjonshandverk tilbyr eit breitt utval av handlaga bunadar fra ulike regionar. Bunad er noko av det kjæraste plagget, med si eiga unike historie. Ei blanding av arv og nye delar gjer kvar bunad spesiell, og det står i fokus at kunden skal kjenna seg godt ivaretatt for å få sin eigen bunad, arva eller ny. Gode handtverksteknikkar og kvalitetar gjev bunaden ei lang haldbarheit, og det står i fokus at denne skal vera behageleg og tilpassa den enkelte, slik at det er ei glede å bruka bunaden!
I tillegg til tradisjonelle bunadar kan kundar finna eit utval av tilbehør som bunadssøljer, bunadssko, sjal, vesker og andre detaljar som gjer kvar bunad komplett. Eit godt utval av bunadsstoff, band, perler og sytilbehør i ulike kvalitetear gjev molegheiter for dei som ynskjer å sy bunadsdelar sjølv etter personlege ynskjer. Med fokus på tradisjon, kvalitet og personleg tilpassing, er Linn-Marielle Aadnekvam Bunad og Tilbehør eit naturleg val for dei som ynskjer ein autentisk og unik bunad.
Bunaden er laga for å vara i generasjonar, og alle forandrar seg gjennom livet. Bunaden kan gå i arv, og formast den enkelte ved å bli tilpassa. Bunaden går ikkje ut på dato eller ut av mote, bunaden er laga av handbåren kunnskap og bunaden skal vera haldbar!
Kontakt oss


